GC52Z7V Traditional Cache Kvernhuset
Type: Traditional | Grootte: Klein Small | Moeilijkheid: 2 out of 5 | Terrein: 1.5 out of 5
van: hunter1968 @ | Verborgen: 04/19/2014 | Status: Beschikbaar
Land: Noorwegen | Provincie: Aust-Agder
Coördinaten: N59° 16.217 E7° 27.888 | Laatst geüpdate: 08/23/2015 | Favoriet Punten: 0

Kvernhuset





Korn og kvernhus


I mest alle større bekker og elvar i Setesdal, var det kvernhus, og hadde bygda berre ei einaste elv som kunne nyttast til kornmaling, var der gjerne fleire kvernhus i same elva. Utpå hausten når folk hadde treskt kornet, vart kornsekkene samla ved det vesle, grå kvernhuset, og kvernsteinen murra og mol det dyre korn gjennom dei lange, svarte haustnetter. Møllaren fekk ikkje sova, han skulle vaka over kornet og kverna, for gjekk ho seg tom, var det fare på ferde.

Det var ei nesten heilag gjerning å mala korn, for når alt kjem til alt, er kornet det verkelege gull i verda. Ja, i uår og røyningstider, når folket lever i naud og svolt, er det mykje meir verdt enn gull. Den som held på å døy av svolt, kan ikkje bergast med ein gull-klump, men får han ein neve korn, vaknar det straks von om liv. Gjennom alle tider har kornet vore ei veldig makt i menneskesamfunnet, det har fått både dei styggaste og vakraste tankar til å bryta ut. Det har fått ærlege folk til tjuvar, når det spela om liv eller død for kona og born, og det har fått gleda til å jubla i såmannens hjarta, når det lova han rik grøda.

Ingen kan vel med vissa veta kva tid menneskehanda for første gong la såkorn i jorda, med tanke på å skaffa avling og mat. I Bibelen les vi om Ruth som gjekk på åkeren og sanka aks, og det eldste kornslag som ein kjenner til, hirse, har ein fått provi for vart dyrka alt i steinalderen. Nå er det mange slag korn, men la oss her -berre tala om kornet — det kornet som gjev mat til menneske, anten det nå heiter bygg, havre, kveite, ris, durra, eller mels. I Setesdal er det nok bygg som har vore mest dyrka gjennom tidene. Det er eit hardført kornslag som er kjent alt frå steinalderen. Elles er det vel kveiten som er viktigaste matkornet i verda.

Det er interessant å merka seg at kornet og kvernhuset har skapt ein heil litteratur omkring seg. Både i poesi og prosa har kornet blitt hylla i varme og vakre ordeleg, helst ved mogningstid når gule, mat-tunge aks vogga i vinden. Og alle som ein vakker haustdag har stått ved ein bølgjande kornåker, har nok kjent ei gripande stemning stiga opp i seg.

Men det er kan henda i lyrikken dei vakraste ord er sagt om kornet, anten det nå var ved såtid eller mogning. Når kornåkeren stod gul og skjær og venta på skurfolka, var det ei spanande tid. Det var så mykje som stod på spel då, fordi ei einaste frostnatt kunne øydelegge det heile, og så vart det svartår og svolt.

To sers viktige ting for sjølberging i matvegen har gjennom alle tider vore kornet og kvernhuset, d.v.s. så lenge som kvernhuset har vore til. Kornet er berre så mykje eldre enn kvernhuset, og nå har dei atter skilt lag — truleg for godt. Dette vesle grå tømmerehuset som har vorée å finna i så mange bakker og elver, har alt rotna ned mange stader, og blir vel snart berre å finna på musea.

Den første primitive kornmaling ein kjenner til, gjekk for seg på den måten at kornet vart knust mellom to steinar, kan henda finst det endå naturfolk som driv kornmaling på den måten. Sidan kom handkverna, eit sers einfelt apparat med to runde kvernsteinar. Den øvste steinen vart sveiva rundt med mannemakt — eller kvinnemakt. Vi kjenner folkevisa om Inga Litimor som sveiva handkverna i kongsgarden, og song så vakkert at ho trylte alle som høyrde det.

Nest etter vinden er fossekrafta den første naturkraft som menneske tok i si teneste, og det var til kornmåling. Historikarane meiner at slike vasskvernar var kjende i Roma alt på Kristi tid. Men når dei kom til Norden, veit ingen for visst. Det fanst og kvernar som vart drivne av hestar eller oksar.

Men det norske kvernhuset er nok bra gammalt likevel. Ser vi over dei mørke, sprukne tømmerveggene, møter vi namn og årstal som fører nokre hundradår tilbake i tida. Kvernhusa var oftast små, 2-3 meter på kvar kant. Mjølkista som stod innåt kvernsteinane var nok det av inventaret som tok mest rom. Dei enkle reidskapane ein finn der inne, er jamnast vel slitne. Her har gått mann etter mann og male det dyre korn. I svarte haustkveldar kom dei slitande med kornbøra på ryggen, og gjennom den lange natta stod dei der med den osande parafinløkta og såg etter at det kvite mjølet sildra fint ned i kista.

Kornet hadde kosta så mykje slit før det kom så, langt. Når skurdonna og det meste av det andre gardsarbeidet var unnagjort om hausten, kom korntreskinga. Det var eit seigt arbeid den tid dei brukte flygel, eller slagvoll, til å banka kornet av med. Så laut kornet på badstova for å tørkast. Det gamle tørkehuset har blitt heitande badstove frå den tid det vart brukt til laugarhus på garden. Der vart kornet lagt på breie pallar av netting, og så tok dei til å fyra i den store steinomnen. Først når kornet var tørt og hardt som stein, kunne dei bera det til kverna og mala det. Det var oftast utpå seinhausten at kornmalinga stod på, helst i flaumtid med rikeleg vatn i elva, og då gjekk kverna dag og natt.

Mange stader var det slik at kvar gard hadde si kvern, men det var og vanleg i Setesdal at to eller tre gardar hadde kvern i lag. Men det var ofte slike elvar som til vanleg hadde lite vassføring, og mang ein gong laut dei venta med malinga til flaumen kom. Men då vart det straks fart i alle kvernar, og dei små kornsekkene kom og samla seg opp ved kvernhuset.

Omkring kvernhuset har det og gjennom tida blitt ein heil litteratur, ikkje av høgstemt lyrikk og solstråleforteljingar, men svarte segner og skrømtsoger. Ja, for det skulle ”spøkja” så fælt i dei gamle kvernhusa, der var så mange rare lydar å høyre, og gjennom dei svarte haustnettene kunne ein sjå underlege lysglimtar omkring kvernhuset. I fossen under kvernhuset budde Fossegrimen og andre underjordiske skapningar som berre var ute i mørkret. Dei kunne finna på så mangt, dei kunne iblant ha moro av å stoppa kvernkallen, så ikkje møllaren fekk mala kornet sitt. Då sat dei hiksta og lo nede i fossen, medan møllaren banna og svor for å få kverna i gang att.

I folketru og folkefantasi grodde det opp mystiske ting ved det vesle solbrune huset med kvernkallen. Men dette har på ein måte ein naturleg bakgrunn. Vi skal hugsa at det berre var i svartaste årstida at kvernhuset var i bruk, om hausten og vinteren, og folk trudde på skrømt og attergangarar, som ein berre kunne møta mørkret. Når møllaren sat der og lydde til det einstonige orkestret frå kvernkallen, kvernsteinen og fossen, kunne det sikkert koma mange slag bilete fram i fantasien hans. Og den bleike parafinløkta som blinka omkring alle kvernhus, kunne bli til så mange ting i mørkret.

Nå er kvernhuset restar av ei tid som høyrer soga til. Når skurdanno og treskinga er ferdig, kjem det ikkje lenger nokon møllar med kornsekk og løkt til det vesle huset ved elva. Dei som dyrkar korn i dag gjer det heile på ein annan måte.

Men la oss likevel ikkje gløyma det grå kvernhuset, det har gjort si gjerning gjennom lange tunge tider i landet, då det galdt om å livberga folket.


Kilde FOLKELIV I SETESDAL Av Svein Hovet Rune Forlag Trondheim 1969
 Aangepaste URL

Add cache to watch list
Log your visit
Picture Gallery

 Hints

I hule under steiner

 Caches in de buurt

GC52YNE Sanden Såre #2 (0.57 km NW)
GC3KP6B Hengebrua (0.96 km SE)
GC53GGM bug Setesdalen TB Hotell (3.46 km S)
GC3KP6G Kallefossbru (4.16 km S)
GC5BCT9 bug Buldresteinen (4.61 km SE)

 Logs

5 Logs: Gevonden 5  

Gevonden 08/17/2015 van Kid Jok
well found !
TFTC!
Greetings from Germany!

Gevonden 08/13/2015 van ANDILKI
Nach unserer Mehrtageswanderung in Jotunheimen ging es für ein paar Tage ins Setesdal zum Klettern und entspannen. Heute wurde ein wenig gecacht. Auch dieser war schnell gefunden und wir konnten uns im Logbuch verewigen.
Danke fürs Herführen sagen
ANDILKI
NRNR

Gevonden 08/11/2015 van Lucka Black
Podvecerní vycházka, díky

Gevonden 08/05/2015 van pedilli
Også for den, mange takk pedilli

Gevonden 08/04/2015 van Bobilparet (BBP)
Felles logg for alle cachene vi har funnet på vår bobiltur fra 20/7 til 5/8 2015

I år var sommerferien planlagt på tur med bobil for å finne spesielle cacher først og fremst Norgesbokser og ellers dem vi kunne stoppe for på vår rundtur. Startet i Skien kjørte til Hafjell på Lillehammer, videre til Oppdal og så til Røros, her var det underveis webcam og Norgesbokser som skulle bli funnet. Så gikk turen til Trondheim hvor vi overnattet oppe i bymarka før Norgesboksen her ble logget. Videre går turen nå ut til Kristiansund og ut Atlanterhavsveinen hvor det ble flere stopp og cacher ble funnet, en utrolig fin tur, vi havnet etter hvert i Molde hvor vi tok fergen for å komme til Ålesund. Her var det en kjempefin bobilparkering og vi fikk prøvd oss på dem 440 trappetrinna opp til Norgesboksen her. Nå går vegen videre med nok en ferge og vi havner omsider i Florø, nok en Norgesboks blei funnet. Vi passerte Førde på veg til fergen i Dragsvik på veg til Voss og nok en Norgesboks og mange cacher undervegs ble funnet og logget. Turen gikk nå over Gaula fjellet og Vika fjellet med utrolige oppkjøringer og ikke minst nedforkjøringer, masse snø og is på denne tiden av året lå langs vegen, vi havnet omsider i Bergen og der blei Norges første utlagte cache funnet og behørig logget. 3 dager i Bergen med caching deriblant norgesboksen på Fløyen og besøk av venner og familie, blei en koselig og fin avkobling på en elles så lang bil tur til nå.
Men vi skulle videre, nå går turen ned til Os og nok en Norgesboks som ga en utfordring men blei funnet. Videre nå går turen med fergen fra Halhjem over til Stord der flere cacher ble logget og funnet, der hvor det var plass og mulighet for å stoppe med en 7,5 m bobil uten å skape for store trafikk problemer og selvsagt Norgesboksen her. På veg til Haugesund ble det en virituel cache også funnet, her kunne vi få kontrollert om GPS´en vår var korrekt. I Haugesund blei vår Norgesboks nr. 40, alle sør for Trondheim er nå funnet og logget. Nå gikk turen videre til Karmøy og Skudeneshavn hvor vi logget 2 multier som gjorde at vi blei godt kjent i denne lille koselige byen. Nå satte vi nesen hjemover mot Telemark og «mafialand» med diverse cache stopp og en overnatting på en kjempe fin natur bobilcamp i Valle i Setersdalen. Denne omvegen blei valgt for vi manglet 5 kommuner i Aust Agder, vi fikk med oss 4 av dem. E 18 er kjedelig og kjøre så vi svippet innom til Sannidal for å logge en Earth cache . Etter det gikk det rake vegen hjem til Skien.

Dette har hvert en tur på 2,1/2 uke med mange fine opplevelser, delvis på grund av beliggenhetene på mange av cachene vi har funnet, Takker ALLE utleggere for å ha gitt oss dette i kombinert med en kjempefin ferie.