Med den nye køyrevegen i 1889 kom
skysstasjonane i Botn og Røldal. Før den tid var det vanskeleg å
finna stader å søkja ly og overnatting for dei farande. Ved
Haukeliseter sto ei steinbu, men elles var hol og hidlarar
(hellerar) ofte det einaste dei hadde å ty til når natta eller
uvêret sette inn. Ved Ulevå kjenner ein til tre slike stader:
Helleikskhævet ved skyttarstova har fått namn etter ein røldøl
som heitte Helleik. Skyttarstova er det fyrste huset du passerer på
austsida av Haukelitunnelen.
Tolvmannshidlaren hadde plass til tolv mann og ligg på nordsida
av Ulevåvatnet.
Piparsteinen var ein kvile- og rasteplass, og her kraup dei
saman for å få ly for uvêret. Du ser framleis restar etter den
gamle murveggen inntil steinen.
|
|
In early days it was not easy to
find places to rest and sleep - or even find shelter for bad
weather. All they could find crossing the mountains would be holes
and big rocks. By Ulevaa there are three such places:
Helleikshævet, the Twelve Men Rock and the Pipar Stone.
The Pipar Stone was a place to rest
and seek shelter. You can still see the remains of the stone wall.
|
Høgfjellet kan syne seg frå så mange sider. I dette mektige
landskapet kan du kjenna deg ørliten.
Bæri va det i Haukeli vera
og stelle min gode hest
hell vera her normæ Ulevóe
når vinden blæse av vest.
frå Ulevó-stevet
|
|
Up in the
high mountain the weather can be rather bad.
I'd rather stay at Haukeli,
caring for my horse,
than here at Ulevaa
when the wind comes from west.
from The Ulevaa poem
|