Cachen er plassert ved kyrkja i Vaksdal
Vaksdal kyrkje
Vaksdal kyrkje er ei langkyrkje i stein frå 1933, og den vart vigsla 7.april det året. Kyrkja har 300 plassar. Arkitekt er Ole Landmark. Parkering finn du ved kyrkja.
Arkitekt: Ole Landmark (1885-1970)
Fødd i Bergen og utdanna ved Trondhjems tekniske anstalt (1909). Deretter praktiserte han som arkitekt i Bergen. Landmark fann inspirasjon i nordisk renessanse og lokale, vestlandske tradisjonar.
Eit av hovudverka er Rasmus Meyers samlinger/Bergen Kunstmuseum, beskrive av professor Haakon Shetelig som "et grasiøst lite palé".
Det spesielle med Landmark sine arbeid var hans kombinasjon av lokale og internasjonale impulsar.
Landmark arbeidde også med kyrkjer og villaer: Loddefjord kirke, Salhus kirke og Storetveit kirke - alle i Bergen; og altså denne kyrkja i Vaksdal. Og dei to funksjonalistisk inspirerte bygga Forum kino i Bergen og Bergens kunstforening (Bergen Kunsthall).
ENGLISH
The cache is located at Vaksdal church. The church was built in 1933 and can room 300 persons.
Architect: Ole Landmark (1885-1970). Parking at the church.